Skal forske på korleis sørsamisk vert tatt opp att i skulen

Skal forske på korleis sørsamisk vert tatt opp att i skulen
Korleis skaper ein eit sterkt sørsamisk språksamfunn når språket har hoppa over ein generasjon? Korleis er det å vere sørsamisk språklærar i eit slikt miljø, og kva treng desse lærarane for å styrke si språklæraridentitet?

Denne artikkelen er over ett år gammel.

Dette er blant temaa som no skal bli forska på gjennom prosjektet «RePrEd» - Revitalisation Processes in Education.

Førsteamanuensis David Kroik leiar prosjektet, som i haust fekk nesten 9 millionar kroner frå Forskingsrådet.

Frå undertrykking til oppblomstring

– Gjennom den historiske fornorskingsprosessen var det i stor grad skuleverket som fekk oppdraget med å «utrydde» det samiske språket og lære borna å snakke godt norsk.

– No skal skuleverket vere med på å bidra til oppblomstring og gjeninnføring av det same språket. Vi ønskjer å følgje nokre lærarar som står midt oppi dette, frå dei er lærarstudentar og ut gjennom praksisen sin, fortel David Kroik.

Etter ein lang periode med marginalisering av sørsamisk språk og kultur, har det sidan 1950-talet vakse fram ei rørsle som ønskjer å lære seg språket att og bruke det i nye samanhengar.

Gjennom den historiske fornorskingsprosessen var det i stor grad skuleverket som fekk oppdraget med å «utrydde» det samiske språket og lære borna å snakke godt norsk.

David Kroik

Kroik sjølv er ein av dei. Han vaks opp i ein sørsamisk familie der dei berre snakka svensk, sjølv om det ikkje var faren sitt morsmål.

Mann med lue og grønn jakke står utenfor en gamme dekkes av et lett snølag
Har sjølv revitalisert språket: David Kroik vaks opp i Borgafjäll i Sverige, eit område med sterkt samisk preg. Men heime snakka dei berre svensk. Han lærte seg sørsamisk som vaksen og bruker det no som kvardagsspråk i familien. Revitaliseringa av det sørsamiske har blitt hass livskall. Foto: Øyfrid S. Knudsen.

– Min far snakka sørsamisk som barn, men til oss snakka han svensk. Eg har lært meg sørsamisk som vaksen, og no snakkar eg det heime med mine eigne born, fortel han.

– Vi lever i ei tid no for ei slik oppblomstring og gjenopptaking av språket, og det er mange som gjer ein stor innsats for å bringe språket vidare. Mange av desse er foreldre som søkjer støtte i utdanningssystemet, og det er her vi treng lærarar som er i stand til å gi desse borna det som trengst, seier han.

Studerer gjenopptakingsprosessen

Prosjektet RePrEd skal difor drive forsking i skular der ei gjenopptaking av sørsamisk finn stad. Saman med nyutdanna og erfarne lærarar skal dei undersøkje og beskrive den språklæraridentiteten som vert danna i dag, kva arbeidsmåtar, reglar og normer som vert skapte av lærarar og myndigheiter og som påverkar kva og korleis det vert undervist.

Dei skal òg finne ut korleis det gjenopptatte «nye» sørsamiske språket liknar og skil seg frå det språket som vart snakka av eldre generasjonar.

– Vi veit frå forsking på andre slike revitaliserte språk i verda, at dei vert annleis enn det opphavlege språket. Dei vert tekne i bruk i nye samanhengar og til andre føremål, seier Kroik.

Forskninga skal føregå i ein kommune i det sørsamiske forvaltingsområdet, der sørsamisk er ein del av undervisninga og alle lærarane er mogelege informantar. Gruppa skal òg tilsetje ein av desse lærarane i ei 20 prosent stilling i sjølve prosjektet. I tillegg vert ein post doc tilsett frå april 2025.

– Nord universitet vart valt ut til å leie dette prosjektet sidan vi har ei sørsamisk grunnskulelærarutdanning. Det er ei unik mogelegheit til å undersøkje kva som skjer i overgangen frå å vere student til å bli lærar, og kva språklæraridentitet desse lærarane utviklar, forklarar Kroik.

– Det er ein måte å følgje litt opp den innsatsen Nord universitet har gjort på dette feltet.

Tre nyutdanna grunnskolelærere sammen med en førsteamanuensis
Sørsamiske grunnskolelærarar: Våren 2024 blei dei første sørsamiske grunnskolelærarane uteksaminert ved Nord universitet. Frå venstre Ramona Kappfjell Sørfjell, Maja-Kristine Bransfjell og Vanja Tørresdal saman med David Kroik. Foto: Ole Johan Ramfjord.

Innovative forskingsmetodar

Grunnen til at Forskingsrådet løyvde pengar til dette trur Kroik handlar om timing og nytenking.

– Det finst ein del global forsking på feltet, men innanfor det sørsamiske området er det ikkje skrive mykje om temaet dei siste tjue åra.

– Det at vi tilset ein lærar i prosjektet gir oss òg ei unik mogelegheit til å veksle mellom akademia og praksis heile tida, seier han.

Mann med lue og jakke utendørs, i bakgrunnen trær og grå bygning. Vinter
Ser fram til å starte arbeidet: David Kroik er i gang med førebuingane til forskingsprosjektet RePrEd. På laget har han med seg eit tverrfagleg team der også ein av faglærarane i studien blir tilsatt. Foto: Øyfrid S. Knudsen.

Dekan ved Fakultet for lærarutdanning og kunst- og kulturfag, Rosemary Martin, er svært nøgd med arbeidet som David Kroik har gjort for å få midlar til dette prosjektet.

– Davids prosjekt er svært viktig for Nord universitet og også for samisk forsking generelt. Eg synest det er imponerende at ein forskar tidleg i karrieren oppnår så gode resultat på første forsøk hos Forskingsrådet. Det viser også at vi har stort potensial for vidare utvikling på dette området. Nord har leiande forskarar innan samisk og urfolk, og dette bør inspirere andre som ønsker å vekse og utvikle forskinga si, seier dekanen.

Nord har leiande forskarar innan samisk og urfolk, og dette bør inspirere andre som ønsker å vekse og utvikle forskinga si.

Rosemary Martin, dekan

– RePrEd er et fantastisk prosjekt, og David har gjort alt meget bra. Han har fått med seg andre sentrale personar, og fikk full score på alle kriterier i søknaden. Det tyder at dette er topp kvalitet, legg ho til.

Portrett av en kvinne i sort jakke og høyhalsa genser foran et opplyst bygg. Foto
Stolt: Dekan Rosemary Martin ved Fakultet for lærarutdanning og kunst- og kulturfag skryt av arbeidet som forskar David Kroik har gjort. Foto: Adrian Svendsen Bensvik.

Håper forskinga kan bidra til styrking av språksamfunnet

Hovudføremåla med prosjektet er å bidra til kunnskap om å skape motstandsdyktige urfolkssørsamiske språksamfunn, og å analysere og støtte fagleg utvikling av lærarar i det sørsamiske miljøet.

– Det er veldig ressurskrevjande å gi ungar ein oppvekst med sørsamisk som førstespråk, og det krev mykje av skulen og lærarane. Å sjå kvar dei største utfordringane ligg kan bidra til å støtte ei vidare utvikling her, seier David Kroik.

Gruppebilde av sju forskere midt i bysentrum. Foto
Forskingsmiljø: David Kroik saman med andre forskarar i Samisk forskingsgruppe ved Nord universitet. Frå venstre: May-Lisbeth Bjerke Brew, Viktor Johansson, David Kroik, Inger Johansen, Siri Ellen Nystø Ráhka, Hanna Danbolt Ajer og Maidi Steinfjell. Foto: Hanne Gravrok.

"RePrED" - Revitalisation Processes in Education

Prosjektleiar: David Kroik
Prosjektmedarbeidere: Richard Kowalik, post.doc (starter 1. april), Hilde Sollid, UiT. Ein lærar i sørsamisk skal rekrutterast.
Finansiering: Forskingsrådet - prosjekt 352407

Prosjektet har to hovudmål:

  1. Bidra til kunnskap om å skape robuste sørsamiske språksamfunn
  2. Analysere og støtte den profesjonelle utviklinga til lærarar i det sørsamiske samfunnet

Sekundære mål:

  1. Produsere teoretisk kunnskap om oppblomstring i sørsamiske lærarsamfunn.
  2. Utforske, utvikle og dele empiriske, metodologiske og teoretiske verktøy for å forske på språkrevitalisering i ein sørsamisk kontekst.
  3. Utvikle anvendbar kunnskap for sørsamisk undervisningspraksis gjennom samarbeid med lærarar.

Les meir på nettsida til samisk forskingsruppe

Kontaktperson