Søkartala ved Nord aukar med heile 18 prosent

Søkartala ved Nord aukar med heile 18 prosent
Ferske tal frå Samordna opptak gjev rektor Hanne Solheim Hansen grunn til å smile. – Vi har 762 fleire søkarar i år enn i fjor.

Årets søkartal frå Samordna opptak lokkar fram smila ved Nord universitet. For Nord universitet er det ein auke i søkartala på heile 18 prosent. 5062 søkarar har Nord som førsteval i år, mot 4300 i fjor. Nasjonalt er det ein nedgang på 0,3 prosent i talet på søkarar til høgare utdanning frå i fjor til i år.

– Vi er både takksame og nøgde med at så mange vel våre utdanningar, og vi gler oss allereie til å ta imot studentane til hausten, seier rektor Hanne Solheim Hansen.

Utdanningar som treffer marknaden

Dei sterkaste drivkreftene bak auken i søkartal ved Nord universitet i år er god søking til sjukepleie og andre helsefag, god søking til trafikk­lærarutdanningane og ein ny nettbasert bachelor i økonomi og teknologileiing.

Vi er både takksame og nøgde med at så mange vel våre utdanningar.

Hanne Solheim Hansen, rektor

I tillegg til at Nord ser ut til å treffe marknaden godt med studietilboda sine, er det andre årsaker til auken?

– Vi har jobba godt både med kvaliteten i studia og med rekruttering. Vi har eit breitt studietilbod, og vi har lytta til behovet for meir fleksible studium, seier Hansen.

I tillegg er karakterkrava til landets sjukepleiar- og grunnskule­lærarutdanningar fjerna i år.

Stor auke til sjukepleiarutdanningane

Jamt over markerer sjukepleiarutdanningane seg svært positivt i år, opplyser Levi Gårseth-Nesbakk, prorektor for utdanning. Nord universitet tilbyr sjukepleiarutdanningar, både på heiltid og deltid, ved fleire studiestader.

I Samordna opptak i år har Nord 916 søkarar til sjukepleiarutdanningane, mot 416 i fjor. Det er altså over ei dobling. Samstundes er det viktig å presisere at den reelle auken i søkartala til sjukepleie er på 34 prosent. Deltidsutdanningane for sjukepleie, som i fjor låg på lokalt opptak, er i år inkludert i Samordna opptak.

Tre kvinnelige sykepleierstudenter ute i park sammen med prodekan og rektor. Foto
SAMFUNNSKRITISKE UTDANNINGAR: Frå venstre: sjukepleiarstudentane Kaja Stokken, Ingela Skjæret og Line Rønning Nordberg, prodekan Kari Ingstad og rektor Hanne Solheim Hansen. Foto: Nina Kjeøy.

Det er auke i søkartala til sjukepleie både i Levanger, Namsos, Mo i Rana og Vesterålen. Eit nytt tilbod i Orkland i Trøndelag har den største søkinga med 258 søkarar til 15 plassar.

Eg valde Nord på grunn av den tette oppfølginga eg får samanlikna med andre universitet. Eg er veldig nøgd.

Kaja Stokken, student

Studentane Kaja Stokken frå Trondheim, Ingela Skjæret frå Molde og Line Rønning Nordberg frå Inderøy går tredje året ved sjukepleiarutdanninga i Levanger. Dei har allereie fått seg jobb, fleire månader før dei er ferdige:

– Eg valde Nord på grunn av den tette oppfølginga eg får samanlikna med andre universitet. Eg er veldig nøgd, seier Kaja Stokken, som pendlar med tog frå Trondheim kvar dag for å ta utdanning i Levanger.

Tre kvinnelige sykepleierstudenter i uniform ved sykeseng. Foto
PRAKSIS: I ferdigheitslaben ved Nord universitet i Levanger får studentane øvd seg på ulike ferdigheiter og kommunikasjon. Her: Kaja Stokken (i midten), Line Rønning Nordberg (t.h.) og Ingela Skjæret. Foto: Nina Kjeøy.

Ny og unik grunnskulelærarutdanning for trinn 1-10

I år tilbyr Nord universitet, som einaste universitet i landet, ei femårig masterutdanning for heile grunnskuleløpet: Grunnskulelærarutdanning 1–10 på Nesna. Utdanninga er godkjend av Kunnskapsdepartementet og gjev undervisningskompetanse i inntil fem fag. Behovet for grunnskulelærarar som kan undervise på alle trinn, og som har fleire fag, er stort.

– Vi er glade for at vi har heile 62 søkarar til den nye utdanninga på Nesna, seier Gårseth-Nesbakk.

I Bodø har vi ein auke i søkarar til grunnskulelærar 1–7 og ein nedgang til grunnskulelærar 5–10. I Levanger har vi auke i søkarar til begge grunnskulelærarutdanningane.

Voksen mann i lyseblå dressjakke ute. Foto
GOD SØKING TIL GLU 1–10: Levi Gårseth-Nesbakk, prorektor for utdanning ved Nord universitet, er glad for den gode søkinga til den nye grunnskulelærarutdanninga på Nesna. Foto: Roger Grostad.

Nettbaserte utdanningar er populære

Generelt er det ein auke til fleksible utdanningar. Fleire vel nett- og samlingsbaserte utdanningar.

Det er òg ein tydeleg auke i reine nettbaserte utdanningar. Her har Nord 721 søkarar gjennom Samordna opptak.

Stor auke i søkarar til masterprogram på lokalt opptak

I tillegg til Samordna opptak har vi lokalt opptak, der folk søkjer direkte til Nord universitet.

På lokalt opptak kan ein søkje på toårige masterar, erfaringsbaserte masterar og vidareutdanningar. Alle internasjonale studium ligg òg på lokalt opptak. Søknadsfristen var 15. april.

– På erfaringsbaserte masterar på lokalt opptak har vi ein auke på 23,5 prosent frå i fjor. På andre masterar er auken 13,6 prosent, seier Levi Gårseth-Nesbakk.

Eksempel på svært populære masterstudium er «Master i beredskap og kriseleiing» med 466 søkarar, «MBA i strategi og leiing» med 683 søkarar fordelt på to studiestader, og «Master i Human Resource Management» med 283 søkarar. Dette er kompetanse som både privat næringsliv og offentleg sektor etterspør.

Andre populære studium på lokalt opptak er «Praktisk-pedagogisk utdanning for allmenne fag» med 388 søkarar, «Praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag 8–13» med 340 søkarar og «Vidareutdanning i spesialpedagogikk 1, 1–10. trinn» med 408 søkarar.

– Mange søkarar gir gode læringsmiljø, og vi gler oss til å møte studentane til hausten, seier rektor Hanne Solheim Hansen.

LærestadUtdanningsområde + typeSøknadar førsteval 2024Søknadar førsteval 2025Endring %
NORDEstetiske fag223455 %
NORDHelsefag - anna277216–22 %
NORDHelsefag - barnevern3332–3 %
NORDHelsefag - reseptar2697273 %
NORDHelsefag - sosionom158134–15 %
NORDHelsefag - sjukepleie416916120 %
NORDHelsefag - vernepleie38202432 %
NORDHelsefag - veterinær193153–21 %
NORDHistorie7865–17 %
NORDIdrett9616067 %
NORDLandbruk og havbruk334315–6 %
NORDLærar - anna26238647 %
NORDLærar - barnehagelærar213146–31 %
NORDLærar - faglærar57570 %
NORDLærar - grunnskulelærar 1–78070–13 %
NORDLærar - grunnskulelærar 5–107611349 %
NORDLærar - lektor 8–13273737 %
NORDLærar - LUPE 1–1311110 %
NORDMediefag7170–1 %
NORDRealfag1814–22 %
NORDSamfunnsfag457443–3 %
NORDSpråkfag971058 %
NORDØkonomi og administrasjon126012862 %
NORDI alt4300506218 %