Spelet om Arktis: Beate drar til USA for å forske på Noregs sikkerheit

Spelet om Arktis: Beate drar til USA for å forske på Noregs sikkerheit
Korleis påverkar stormaktrivalisering og uroa i verda sikkerheitssamarbeidet mellom Noreg og USA i Arktis? Det skal forskar Beate Steinveg ved Nord universitet finne svar på i eit nytt forskingsprosjekt.

Prosjektet tek utgangspunkt i ei verd med aukande spenningar: Russland si krigføring mot Ukraina, Kina sine globale ambisjonar og endringar i amerikansk utanrikspolitikk.

– Vi står midt i ei tid der geopolitiske endringar skjer raskt og sikkerheita i nordområda er truga. Arktis er ikkje lenger ein isolert region – det som skjer her er ein del av eit globalt maktspel, seier Steinveg.

Beate Steinveg - FSV - Sikkerhet, Arktis, Nordområdene - Vinter 2
Frå Bodø til Washington: Beate Steinveg gler seg til å kome tettare på det som no skjer i USA. Foto: Adrian Bensvik, Nord universitet.

Prestisjefylt stipend

Steinveg er tildelt det prestisjefylte Fulbright-stipendet (sjå faktaboks), og i desember flyttar ho til Washington D.C. og Georgetown University.

Forskarstipendet har høg anerkjenning, særleg grunna sitt formål om å fremje akademisk samarbeid mellom Noreg og USA. Sidan 1949 har nokre tusen studentar og forskarar reist til USA gjennom denne ordninga.

– Eg skal i hovudsak drive datainnsamling og intervjue akademikarar, politikarar, militærpersonell og sikkerheitsekspertar frå begge land. Forskarar ved ulike tenketankar, universitet og offentlege institusjoner i Washington D.C. er særleg relevante og viktige kjelder til informasjon, fortel Steinveg.

Dekan: – Ein heider av forskinga

Elisabet Ljunggren er dekan ved Fakultet for samfunnsvitenskap. Ho er stolt over tildelinga, og meiner dette er ei fjør i hatten for Nord universitet.

– Dette er stort både for fakultetet og universitetet. Dette er ein heider av forskinga som skjer i fagmiljøet for internasjonale relasjonar. Og det er ikkje minst ei anerkjenning av Steinveg si forsking, seier Ljunggren.

Elisabet Ljunggren - Dekan FSV
Dekan Ljunggren meiner tildelinga til Beate er ein sterk fagleg og prestisjefylt anerkjenning – både for forskaren sjølv men også heile fagmiljøet ved Nord universitet.

– Dette er svært viktig kunnskap for Arktis og for Nord si samfunnsvitskapelege nordområdesatsing. Men det er også viktig for studentane våre som får nytta kunnskapen på dette feltet, legg ho til.

I kva retning ser Trump-administrasjonen?

Kva skjer med USA sitt engasjement i Arktis dersom rivaliseringa mellom USA og Kina tilspissar seg ytterlegare? Og kva interesser har Russland i våre nærområde?

– Det handlar om å forstå korleis Noreg kan navigere i eit landskap der stormaktene set premissa. Og korleis påverkar det Noreg si rolle som ein liten stat med store strategiske interesser i nord, seier Steinveg.

Prosjektet skal bidra med ny kunnskap som er relevant både for akademia og for avgjerdstakarar, og som kan vere eit viktig tilskot til debatten om sikkerheit og samarbeid i Arktis.

Fakta om Fulbright-stipendet

Fulbright-stipendet er eit utvekslingsprogram som finansierer studium og forsking mellom Noreg og USA. Stipenda gjeld norske statsborgarar som vil ta ein mastergrad, doktorgrad eller forske i USA, og for amerikanske borgarar som vil gjere det same i Noreg. Varigheita er mellom tre og 12 månader.

Fakta om Beate Steinveg:

Kontaktperson