Køyr debatt: Lytring UNG ved leiar Magnus Olsen opnar debatt om VAR og fotballdemokrati. I panelet forskar Mads Skauge, fotballpresident Lise Klaveness og Bodø/Glimts Ørjan Berg. Foto: Lise Fagerbakk.
Lytring UNG har fått eit nytt styre. Nokre få timar før Bodø/Glimt gjekk på banen mot Sturm Graz i første av to playoff-kampar for Meisterligaen, debuterte styret med sin første debatt.
Tema var fotballdemokrati og VAR. Staden var gråsona på campus Bodø. I panelet sat sjølvaste fotballpresident Lise Klaveness, Glimts Ørjan Berg - og Nord universitets eigen forskar Mads Skauge.
Skauge er ikkje snauare enn at han har fotballpresidenten på ringeavstand. Og ho han.
Det trass i at Skauge er VAR-motstandar - medan fotballtinget vedtok å innføre VAR.

Debattleiar
Styreleiar og journaliststudent Magnus Asker Olsen, var debattleiar.
– Eg vart med i Lytring UNG etter ein samtale med redaktør Anki Gerhardsen. Det verka interessant og spennande, så eg tek vervet med glede, fortel han.
I redaksjonen: Magnus Olsen, Juline Aspenes og Embret Fahre. Redaktør er Anki Gerhardsen, som også er redaktør for moderskipet Lytring.
– Vi lever i ei tid der mange land blir mindre demokratiske. Som redaktør for Lytring er eg oppteken av alle tiltak som kan styrkja demokratiet, og kva er vel betre enn å få den unge generasjonen med på laget? seier Gerhardsen.
– Lytring UNG er for og av unge menneske, og vert driven av studentar ved Nord universitet. Her skal dei unge få informasjon, kunnskap og tilgang på ulike meiningar om samfunnet og verda rundt oss. Dei skal også sjølv få delta i diskusjonane, og kome med eigne meiningar, seiar Gerhardsen.
Fotball er meir enn berre fotball. Det er og fotballdemokrati. Demokrati er viktig!
Magnus Olsen, student og styreleiar i Lytring UNG
Olsen er født og oppvaksen i Oslo. Han valde Bodø for si journalistutdanning fordi han ønskjer å utvide sin horisont, og for å få sjå andre delar av landet. Nord-Noreg særskild.
Han har noko erfaring med debattar frå før, men Lytring UNG er for han ein ny arena.
– Eg kjende til Lytring, og eg foreslo ein debatt om fotballdemokrati og VAR til Anki. Ho sa det passa fint i Lytring UNG. Dette var min første debatt som leiar, fortel Olsen.
Han likar ein god debatt, og meiner demokratiet er viktig.

Debatt eller meiningsutveksling?
Styremedlem Embret Fahre meiner at det for det meste foregår meiningsutveksling på universitetet. Både kva gjeld blant studentane og i fagtimane. Han skulle ønskje at det gjekk føre seg ein meir skikkeleg debatt.
– Eg går andreåret på studier Internasjonale relasjonar og vi snakka om Lytring under ein fagtime. Det høyrdest moro ut. Det er bra med debattar. I all fall debattar på riktig måte. Men eg synest det ofte er meir meiningsutveksling enn debatt, seier han.
Så kva med årets første Lytring UNG-debatt?
– Debatten i dag var bra. Det var noko meiningsutveksling, men også debatt. Så eg er nøgd, seier han.

Lytring
Lytring er ein debattarena som skal styrkja eit forskingsbasert, offentleg ordskifte som er aktuelt, spennande og lærerikt for innbyggjarar i heile landet. Lytring er ein arena der forskarar møter samfunnsdebattantar for diskusjon og refleksjon.
Lytring UNG er ein debattarena for og av unge menneske. Målet er å skape eit debattforum der dei som er ung kan få informasjon, kunnskap og tilgang på ulike meiningar om samfunnet og verda rundt seg. Her skal dei sjølv få delta i diskusjonane, og komma med eigne meiningar. Lytring UNG ønskjer å lage ulike kunnskapsbaserte arrangement som unge folk forstår, og som tek høgde for at publikum ikkje kan så altfor mykje frå før av.
I redaksjonen: Magnus Olsen, Juline Aspenes og Embret Fahre.
