– Studiet er svært relevant for alle som jobbar, eller ønskjer å jobbe, som journalist i ei lokalavis

– Studiet er svært relevant for alle som jobbar, eller ønskjer å jobbe, som journalist i ei lokalavis
Det seier Nathan William Lediard, fotografen som tek journalistutdanning ved Nord universitet.

Som fotograf fortel Nathan at han har erfaring innan portrett og reklame, men har òg samarbeidd med fleire journalistar opp gjennom åra. Han beskriv seg sjølv som storforbrukar av aviser og magasin, og at han alltid har vore interessert i journalistyrket.

– Fotomarknaden er i stor endring, og eg ser for meg at ei utdanning i journalistikk kan gi meg fleire bein å stå på, ikkje minst ved at eg kan levere komplette saker til lokalavisa, ikkje berre foto.

– Genialt at studiet er samlingsbasert

Nathan er veldig positivt at studiet er samlingsbasert og på deltid.

– Det gjer at vi som ikkje har tid eller økonomi til heiltidsstudium, får sjansen til å skaffe oss meir utdanning. Eg er godt vaksen, og har ikkje tid til eit heiltidsstudium, så det at utdanninga er samlingsbasert, er fantastisk. Slik kan eg halde fram med å jobbe medan eg tek utdanninga.

Samlingane er på ei veke kvar, og Nathan beskriv at dei er både trivelege og intense, og eit klart høgdepunkt i studiet.

– Det er svært interessant å dele erfaringar med medstudentane. Lærarane har mykje kunnskap, og ikkje minst ekte erfaring som journalistar, som dei gledeleg deler med oss.

Tips til nye studentar

Nathan oppmodar nye studentar til å bruka tid på å få med seg pensum.

– Les, les og les! Pensum er ganske omfattande, men heldigvis svært interessant.

Han trekkjer også fram viktigheita av utdanning og kunnskap i dagens samfunn.

– I ei tid der skiljet mellom journalistikk og propaganda blir stadig tynnare, er det ekstra viktig å lære grunnprinsippa i redaktørstyrt journalistikk, avsluttar Nathan William Lediard.

Lærarane har mykje kunnskap, og ikkje minst ekte erfaring som journalistar, som dei gledeleg deler med oss

Nathan William Lediard

Grunnstudium i journalistikk (30 stp)

Jobbar du i ein redaksjon eller er frilansar, men manglar formell kompetanse? Grunnstudiet i journalistikk gir trening i sentrale journalistiske ferdigheiter som kjeldekritikk, research og intervju, innsyn og offentlegheit, i tillegg til innhaldsproduksjon i form av tekst, lyd og bilete.

Les meir om studiet.