Følger draumen: Tyrkiske Semin Bade Baran forelska seg i både Winter og vinter, bokstaveleg tala. No tek ho interessa for sledehundar med seg inn i masterarbeidet sitt. Foto: Privat
− Eg er veldig spent på om det blir mogleg for meg å kome i kontakt med Siriuspatruljen, og om eg faktisk får snakke med nokon som har vore ute på oppdrag, seier Semin Bade Baran.
Ho tek master i «Berekraftig leiing og arktiske perspektiv» ved Nord universitet, og no er utvekslinga med University of Greenland i hovudstaden Nuuk i boks.
Frå Nordlab til Grønland
I haustsemesteret har Semin valt å ta HHN Internship Master som valemne, og ho har eit internship på Nordlab.
− Føremålet med internship er å tilføre studentane relevant arbeidserfaring og profesjonelle nettverk før endt utdanning. Hos oss har Semin fått praktisk erfaring med prosjektarbeid, og ho har fått kjenne på korleis det er å jobbe i eit forskingsmiljø innan beredskap og kriseleiing, seier Natalia Andreassen, professor ved Handelshøgskolen Nord.
Ho meiner det har stor verdi å få delta på forskingsseminar og nettverksmøte.
− Eg har òg assistert under øvingar på Nordlab, fortel Semin, strålande nøgd med både studium og internship.
No ser ho fram til å vere student ved University of Greenland frå februar.
Jakta på sledehundane sin iboande kraft…
Semin får ofte spørsmål om korleis ei jente frå eit middelhavsland hamna i arktiske strøk, og faktisk fekk heilt dilla. Det tek ikkje mange minutt før ho viser bilete av sin snøkvite bestevenn, grønlandshunden Winter.
− Han vart aldri min som planlagt, seier ho.
Winter vart sjuk og døydde brått, men Semin har framleis si jakt på å finne sledehundane sin iboande kraft. Den som ligg djupt i inuitane, som ein løyndom, vidareført frå generasjon til generasjon.
Masteroppgåva hennar har tittelen «Non-human actors in Arctic Emergency Preparedness», og ho ønskjer å sjå på fenomenet både frå tobeint og firbeint perspektiv.
…og jakta på Siriuspatruljen
Siriuspatruljen overvaker i dag eit enormt ubebodd område på Grønland på heile 770 000 kvadratkilometer. Det er større enn Frankrike.
Dei patruljerer med hundesleder, ofte isolert i månadsvis. Dei overvaker området for ulovleg aktivitet, men deltek òg i søk- og redningsoperasjonar. To soldatar og 11–15 grønlandshundar lever i ekstrem kulde, og dei rører seg tusenvis av kilometer i løpet av tida dei er ute, gjerne rundt eit par år.
Semin er fascinert av dette som blir rekna som ei av dei mest krevjande militære tenestene i verda, ikkje minst fordi dei brukar tradisjonelle hundesleder i moderne militær samanheng. Er det verkeleg naudsynt? Kva er det inuitane sin kunnskap tilfører beredskapen, som ikkje kan erstattast av snøskuterar og dronar?

Den fredfulle kulda
For Semin starta den arktiske reisa med nysgjerrigheit som kunstfotograf. Etter kvart vart òg hundekøyring ein del av pakken, og ho har jobba som turistguide med hundespann fleire stader i nordområda.
Ikkje så mykje folk. Berre du på ein einsam planet, snurrande rundt i ei arktisk røynd.
Semin Bade Baran
På ei av reisene sine hamna ho på Svalbard. Der vart ho bergteken av «The peaceful cold». Den fredfulle kulden.
− Ikkje så mykje folk. Berre du på ein einsam planet, snurrande rundt i ei arktisk røynd, seier ho, i eit forsøk på å setje ord på opplevinga som skulle føre henne vidare, inn i ein akademisk tilnærming til både hundekøyring, kulde – og kald einsemd.
Kva med teknologien?
− Det blir utruleg spennande å sjå korleis dei balanserer moderne teknologi og generasjonane si viten. Kombinerer dei i staden for å ignorere? Kvifor tenkjer dei at dette er den beste løysinga for området dei opererer i?
Framleis har Semin mange spørsmål og få svar. Forhåpentlegvis vil opphaldet på Grønlands universitet opne nokre dører for meir viten om eit stort og lite omtalt tema: dyra si rolle i beredskap.
Berekraftig leiing og arktiske perspektiv
Lær om ledelse og bærekraft, og bidra til lokale og globale løsninger. Dette tverrfaglige programmet gir deg verdifull internasjonal erfaring.
- Oppstart: Høst 2025
- Studiepoeng: 120
- Studiested: Bodø
- Søknadsfrist: 15. april 2025
HHN Internship Master
Målet med HHN Internship Master er å tilby deg som student en unik mulighet til å få innsikt i regionalt eller internasjonalt arbeidsliv, ved at du allerede i studietiden får satt kunnskapene og ferdighetene dine ut i praksis. Internship-perioden skal gjennomføres i løpet av august til desember innenfor en ramme på 16 uker ute hos vertsorganisasjonene.


