Treng lærarar som forstår alle barna

Treng lærarar som forstår alle barna
Rektor og tilsette ved Løpsmark skole i Bodø ønsker 1-10 utdanninga ved Nord universitet velkomen. – Vi må få allmennlæraren tilbake, seier dei.

Denne artikkelen er over ett år gammel.

Nord universitet starta hausten 2025 opp ei ny og unik grunnskulelærarutdanning for 1.-10. trinn. Utdanninga gir studentane kompetanse til å undervise elevar frå 1. til 10. trinn i skolen.

Som grunnskolelærarutdanningane 1.-7. og 5.-10., er også dette ei masterutdanning som kvalifiserer til stillingsgruppe lektor.

Den nye utdanninga er etterspurd av lærarar og rektorar.

– Vi får større fridom med 1.-10.-lærarar. No blir vi veldig låste, ved at dei som har utdanning for 5.-10. trinn berre kan vere i ungdomsskolen, medan dei som har for 1.-7. trinn berre kan vere i barneskolen.

Vi jobbar for eit godt utdanningsløp for alle elevane. Da må du som lærar ha kompetanse på alle åra.

Berit Myrvang, rektor ved Løpsmark skole

– Vi ønskjer oss difor allmennlæraren tilbake, seier rektor Berit Myrvang ved Løpsmark skole.

Kompenserer

Kvinne i genser som står ute på vinteren foran en skolebygning. Foto
Stort behov: Rektor Berit Myrvang ved Løpsmark skole ønskjer den nye utdanninga velkomen. Foto: Adrian Svendsen Bensvik.

Løpsmark skole har om lag 325 elevar fordelt på 1.–10. trinn. Skolen er dessutan universitetsskole, som inneber nært samarbeid med Nord universitet.

Rektor Berit Myrvang er ei av ganske få tilsette ved skolen som har den gamle utdanninga.

– Eg er allmennlærar. Eg var ein av dei siste som i 2007 gjekk ut av den gamle lærarskolen ved Høgskolen i Bodø, fortel ho.

Det finst fleire. Men mange har altså dagens spesialiserte utdanning, noko det også fortsatt er behov for. Likevel:

– Vi driv i dag og kompenserer for spesialiseringa. Mellom anna byter vi lærar i 4. trinn, slik at overgangen til mellomtrinnet blir lettare og tryggare. Sånn gjer vi på alle overgangane, da vi veit at elevane finn dei vanskelege, seier rektor.

Kompetanseheving

Ho seier dei også har byrja å tenke på kompetanseheving for å løyse dei konkrete utfordringane.

– Personlegdomen til ein person er ofte avgjerande for om dei søkjer 1.-7. eller 5.-10. trinn. Da kan ein bli så sneversynt at ein mister forståing av kva som skjer i barneåra. Difor har vi starta å snakke om byrjaropplæring, seier Myrvang.

Allmennlærar og tillitsvald i Utdanningsforbundet, Erik Baalmann, er samd.

– Me treng eit allmennlærarløp der du kan bli lektor, seier han.

Det er nettopp desse utfordringane den nye utdanninga gjer noko med. Med den hensikt å supplere dei andre lærarutdanningane ved Nord universitet.

Etterspurd

Det var tidleg i 2024 at Nord universitet sende Kunnskapsdepartementet (KD) ein søknad om eit pilotprosjekt med ein ny modell for grunnskolelærarutdanning 1.-10. på Nesna.

Bakgrunnen for søknaden var tydelege signal frå fleire kommunar om at dei ønskte lærarar med undervisningskompetanse i fleire fag. Dei hadde også behov for lærarar som kan undervise på fleire trinn.

I mai 2024 kom svaret. Nord universitet får starte ei forsøksordning. KD ga da klarsignal for opptak på master grunnskolelærarutdanning 1-10 på Nesna både i 2025, 2026 og 2027.

– Dette er ei god nyheit for Nord universitet og for mange kommunar. Vi lyttar til behovet til kommunane og vi gler oss til å starte opp, seier Rose Martin, dekan ved Fakultet for lærarutdanning og kunst- og kulturfag, som også viser til at kommunane treng lærarar med ulik kompetanse.

Grunnskolelærarutdanning master 1-10 (samlingsbasert 5 år)

Denne utdanninga kvalifiserer til stillingsgruppe lektor, og til stillingar med krav om mastergrad, ved tilsetting i skolen. Utdanninga gir deg ei brei fagvifte der du kan kvalifisere deg til å undervise i inntil fem fag. 

  • Oppstart: Haust 2026
  • Studiepoeng: 300
  • Studiestad: Nesna
  • Søknadsfrist: 15. april 2026 kl. 23:59

Les meir om studiet