Skal bekjempe utanforskap. Frå venstre Janne Paulsen Breimo (dekan for forsking ved Fakultet for samfunnsvitskap ved Nord), Linnea Heggli, Ole Nygård Haugen (begge frå Helgeland ungdomsråd) og Catrine Torbjørnsen Halås (Professor og senterleiar ved PrepChild). Foto: Lise Fagerbakk.
Store menneskelege og økonomiske kostnader
Mange barn og unge i Noreg opplever utanforskap – i skule, fritid og fellesskap. Utanforskapet får store konsekvensar for det enkelte barnet og familien, og kostar samfunnet 73 milliardar kroner kvart einaste år, ifølgje tall fra Oslo Economics.
Nord med akademisk kraftlag for å motverke utanforskap
Trass i gode velferdsordningar og regjeringa sine gode intensjonar om ein nullvisjon for utanforskap, er det framleis for mange som fell mellom stolane. No snur forskarar ved Nord universitet perspektivet: Kva skjer når barn og unge sjølve får bidra til løysingar? Og kva skjer når kunst, spel, forsking og sosial beredskap blir kopla saman?
I løpet av temaperioden «Oppvekst og utanforskap» (sjå faktaboks til høgre) set Nord universitet, gjennom ulike kommunikasjonstiltak, søkjelyset på framifrå og banebrytande forsking på dette feltet.
Her er ti innsikter frå forskingsprosjekta NEON Young Norway Study, PrepChild, ScanSchoolAbsence, INTRACOMP og Dialoguing@arts (D@rts) – Alle har base ved Nord. Til saman har dei fått over 120 millionar kroner i støtte frå Norges forskingsråd og EU.
Det finst ingen nasjonal statistikk over skulefråvær i grunnskulen før 10. klasse, og kommunane manglar verktøy for å handtere skulefråvær. ScanSchoolAbsences (Skulefråværsprosjektet) Hovudmålet er å forstå korleis skulefråvær blir oppfatta og handtert i norske grunnskular.
I NEON Young Norway Study delar ungdom sine meistringshistorier – gjennom tekst, musikk og kunst – som skal bli til digitale støttesystem og interaktive spel for å hjelpe andre. Dette skal brukast til lågterskel psykisk helsestøtte for ungdomane sjølve, men også som viktig kunnskap til foreldre, fagpersonar og andre som møter unge i kvardagen.
Ungdom vil ha fleire og meir fleksible tilbod. Mange opplever det problematisk at så mange tilbod berre eksisterer mellom 08–16, medan ungdommane er på skulen. Dette kan kanskje vere ein del av forklaringa på at under 20 % av ungdom oppsøker hjelp. Dei ønskjer gjerne hjelp på ettermiddag og kveld, og fleire ønskjer også tilgang til digital psykisk helsestøtte, viser forsking frå NEON Young Norway Study.
Sjølv om NEON Young Norway Study har sitt utgangspunkt i Trøndelag og Nordland, med Snåsa og Åfjord som samarbeidskommunar, er det langt frå berre ungdom frå desse stadene som deltar i forskinga. Studien har ei nasjonal rekrutteringsstrategi, og får verdifull støtte frå Mental Helse Ungdom, som har hovudkontor i Oslo. I tillegg bidreg fagpersonar frå samarbeidskommunane med spesialisering innan psykisk helse til både rekruttering, analyse og formidling av funna.
Det tverrfaglege forskingssenteret PrepChild skal bli eit nasjonalt merkenamn for forsking på utanforskap. Med tverrfagleg samarbeid og internasjonal forankring, er Nord i ferd med å ta ei leiande rolle
Studentar ved Nord skal få vere med på praktisk læring gjennom tverrfaglege øvingar i sosial beredskap. I Øving Nord skal studentane vere med for å utforske korleis kriser rammar særleg barn og unge – og korleis beredskap kan inkludere dei.
I PrepChild skal barn og unge delta aktivt i studiar av kva som skaper utanforskap og fremjar inkludering og tilhøyrsle. Dei skal mellom anna få opplæring i forskingsmetode og gjennomføre undersøkingar sjølve.
Forsking ved Nord viser korleis prestasjonskultur, kjønnsnormer og flytande relasjonar påverkar unges psykiske helse. Spiseforstyrringar og sjølvskading må forståast i lys av dagens sosiale landskap – ikkje berre som individuelle utfordringar.
Gjennom D@rts-prosjektet får barn og unge utforske gjennom musikk, teater, dans og visuell kunst. Kunstnariske uttrykk gir rom for å bearbeide kjensler og dele erfaringar på eigne premiss. Prosjektet har som mål å finne ut om utøvande kunstformer kan lære oss å skape dialogar og leve betre saman på tvers av ulike kulturar.
Tidleg innsats for barn er avgjerande
Det tverrfaglege forskingssenteret PrepChild skal utvikle kunnskap om sosial beredskap for barn og unge i sårbare livssituasjonar, som skal bidra til å førebyggje utanforskap. Men korleis skal vi gjere det?
Senterleiar ved PrepChild og professor ved Nord universitet Catrine Torbjørnsen Halås seier vi må starte tidleg.
Tidleg sosial beredskap handlar om å sjå barn og unge før dei fell utanfor – og om å mobilisere breitt for å stå saman med og rundt dei.
Catrine Torbjørnsen Halås, professor og senterleiar ved PrepChild
Torbjørnsen Halås er oppteken av dei kollektive løysingane, og at vi må løyse oss frå individuelle tiltak.
– Eit sterkt lag rundt barn og unge – der skule, helse, politi og sivilsamfunn samarbeider – er avgjerande for å skape tilhøyrsle og motverke utanforskap, seier ho.
Øving gjer meister
Følgjer professoren kjem ikkje dette av seg sjølv. Vi må øve og trene på ulike situasjonar der ei sterk og god sosial beredskap er avgjerande. Torbjørnsen Halås, saman med kollegaene sine frå PrepChild, arbeider i desse dagar med å utvikle innovative tilnærmingar for korleis vi kan trene på sosial beredskap, som også blir ein del av Øvelse Nord april 2026.
– God sosial beredskap krev at vi tør å arbeide på tvers av profesjonar og sektorar. Når lærarar, sosialarbeidarar og politi øver saman, byggjer vi felles forståing og styrkjer evna til å handle klokt og koordinert, også slik at vi sikrar ei god sosial beredskap for og med barn og unge, seier ho.
Kva er ein temaperiode?
Ein temaperiode er eitt av fleire tiltak for å synleggjere Nords verksemd og forskingsaktivitetar, og for å auke Nords status som universitet.
Strategi 2030 løftar fram fire tematiske satsningsområde for Nord universitet:
- Blå og grøn vekst
- Innovasjon og entreprenørskap
- Helse, velferd og oppvekst
- Samfunnssikkerheit
Desse er utgangspunktet for temaperiodane.
Nords første temaperiode – i mars og april 2025 – omfatta temaa sikkerheit og beredskap, som er eitt av Nords fire satsingsområde. I mai og juni 2025 retta vi fokus mot innovasjon og entreprenørskap. No er det oppvekst og utanforskap vi konsentrerer oss om. Det er kommunikasjonseninga ved Nord universitet som har ansvaret for temaperiodane. Temaperioden varer fram til 15. desember og omfattar forskingsaktivitetar frå fire av fem fakultet ved Nord universitet.
Aktuelle forskingsprosjekt i temaperioden «Oppvekst og utanforskap"
ScanSchoolAbsence (Skolefraværsprosjektet)
NEON Young Norway Study
PrepChild
INTRACOMP
D@rts
SpedAims
Den sosiale kroppen

