Velkommen: SON-leiar Markus Furulund og SOB-leiar Ahmed Algharib ønskjer velkommen til eit nytt studieår ved Nord - og ikkje minst ei fadderveke spekka med aktivitetar og tilbod. Foto: Lise Fagerbakk
Dei tiltredde begge 1. juli som studentleiarar for kvar sin organisasjon – og står dei siste dagane før studiestart 2025 på for å gi studentane ein best mogleg start på Nord universitet.
– Eg vart vald som koltillitsvald i fadderveka, og sidan då så har eg vore mykje involvert i studentpolitikken på nord. No ser eg veldig fram til å representera studentmassen, og studentdemokratia på NORD, som leiar for Studentorganisasjonen Nord, fortel studentleiar Markus Furulund – som altså no er på plass på campus Bodø som representant for dei vel 11.000 studentane på Nord universitets åtte studiestader.
Arbeidde no før studiestart handlar mest om planlegging og koordinering, når ulike studentgrupper alle skal bli godt tekne imot.
Som Furulund, er også Ahmed Algharib nytilstatt studentleder. Algharib er leder for Studentorganisasjonen i Bodø – og i full gang med å forberede fadderuka.
Som Furulund, er også Ahmed Algharib *nytilstatt studentleiar. Algharib er leiar for Studentorganisasjonen i Bodø – og i full gong med å førebu fadderveka.
Det er berre starten.
– Fadderveka blir frå søndag 10. til søndag 17. august. Kvar dag gjennom veka har me minst fire ulike aktivitetar kvar dag – og fleire av dei er lagde til Bodø sentrum, der me har eit samarbeid med handelsstanden og det lokale næringslivet. Bodø vil veldig gjerne ha studentane til sentrum og derfor blir det også gratis buss mellom universitetet og sentrum i dagane 8. – 17. august, fortel SOB-leiaren.
Også Algharib har lang fartstid innan studentpolitikk ved Nord universitet.
– Eg kom inn i verv på mitt andre studieår. Eg byrja også i fadderstyret – og har sidan hatt ulike verv. Eg har også vore studentambassadør – noko eg framleis er, fortel han.
Her finn du informasjon om studiestarten. Vel din studiestad!
Studentorganisasjonen Nord har studieåret 2025/ 26 følgjande styra:
Leiar: Markus Furulund (Bodø)
Nestleiar: Glenn A. Ovedal (Steinkjer)
Fag og læringsmiljøansvarleg: Julie Hoff Antonsen (Helgeland)