– Vi kan ikkje lenger stole på forsking

– Vi kan ikkje lenger stole på forsking
Stadig meir av forskinga som finn vegen ut i samfunnet, er ikkje fagfellevurdert. – Heile forskingsverda har store problem, seier Tove Godskesen, forskar ved Nord universitet.

Tove Godskesen er professor ved Fakultet for sjukepleie og helsevitenskap ved Nord universitet. I fjor oppdaga ho ein vitskapleg artikkel i eit tidsskrift ho aldri hadde høyrt om, der ho stod oppført som forfattar.

Problemet var berre at verken Godskesen eller nokon av dei andre forfattarane hadde sett artikkelen før – og i alle fall ikkje skrive han.

– Sjølve ideen er at samfunnet skal vende seg til forskinga for å få svar på ulike problem. Men dette systemet krev at vi kan stole på forskinga som blir publisert, seier professoren.

– Det kan vi ikkje i dag.

Dette systemet krev at vi kan stole på forskinga som blir publisert. Det kan vi ikkje i dag.

Tove Godskesen

Onsdag 21. januar inviterer Lytring til debatt om krisa i akademia, på Stormen bibliotek i Bodø.

Lytring 21. januar 2026

Kan du stole på forsking? Lytring inviterer til debatt og spør om samfunnet har forstått at det er krise i akademia.

  • 21. januar 2026 kl. 18.00-19.30
  • Stormen bibliotek i Bodø
  • Debatten blir i tillegg strøyma på YouTube

Lytring: Kan du stole på forsking?

Forseinka forsking

Røvartidsskrift som publiserer falske artiklar, er éi side av problemet. Ei anna er at det blir produsert så mykje forsking at det ikkje finst tid eller folk nok til å kvalitetssikre henne.

– Kvar einaste artikkel som blir publisert, skal fagfellevurderast, altså kvalitetssikrast av andre fagpersonar enn forfattarane, seier Godskesen.

– Men mange har ikkje tid til å drive med fagfellevurdering, fordi det har vore ein eksplosiv auke i talet på artiklar som blir sende til tidsskrifta.

Resultatet er at potensielt viktig og god forsking blir forseinka. Det kan ta år frå ein artikkel blir skriven til han blir publisert. Dersom forskinga til dømes gjeld livreddande kreftbehandling, seier det seg sjølv at situasjonen er uheldig.

Treng krigarar

Nær dagleg møter avislesarar overskrifter om revolusjonerande helseforsk­ing eller banebrytande teknologi. Redaktør i Nettavisen, Gunnar Stavrum, er uroa for tilliten folk har til forsking.

– Studiar som er fagleg dårleg gjennomførte, får stor merksemd i pressa. Dette er uheldig for vitskapen sin status i samfunnet, seier Stavrum.

Eg ser daglege døme på at det som framstår som påstandar, blir framstilte som sikre sanningar i media.

Gunnar Stavrum

Stavrum ser tendensar til at useriøse aktørar som ropar høgt nok, tek merksemda frå seriøse forskarar.

– Eg har forståing for at forskarar synest det er ubehageleg å stå i betente klima- eller vaksinedebattar, men vi treng krigarar som er villige til å ta opp kampen om sanninga, seier han.

Både Stavrum og Godskesen sit i panelet når Lytring spør: «Kan du stole på forsking?». Marit Moe-Pryce, managing editor ved Institutt for fredsforsking PRIO, og Klaus Mohn, rektor ved Universitetet i Stavanger, blir òg med i samtalen, som blir leia av Anki Gerhardsen, ansvarleg redaktør for Lytring. Debatten kan sjåast direkte og i opptak på lytring.no.

Lytring 21. januar 2026

Kan du stole på forsking? Lytring inviterer til debatt og spør om samfunnet har forstått at det er krise i akademia.

  • 21. januar 2026 kl. 18.00-19.30
  • Stormen bibliotek i Bodø
  • Debatten blir i tillegg strøyma på YouTube

Lytring: Kan du stole på forsking?

Fakta om Lytring

Lytring skal stimulere til samfunnsengasjement og setje dagsorden både lokalt, regionalt og nasjonalt.

Lytring er eigd av Nord universitet og Nordlandsforskning. Lytring skal setje kunnskapen og forskinga ved desse institusjonane på kartet og skape ein arena for dialog og diskusjon med andre kunnskapsinstitusjonar.

I løpet av eit kalenderår lagar Lytring:

  • 9 debattar i Bodø, Stormen bibliotek
  • 2 debattar i Levanger, Røstad Scene
  • 2 debattar i Mo i Rana, Teaterkafeen
  • 2 debattar i Svolvær, Lofoten kulturhus

Redaktør og dagleg leiar for Lytring er Anki Gerhardsen.

Alle debattane blir strøymde og lagra via lytring.no