På mikrobejakt: Forskarar frå Nord universitet leiter etter mikrober nær Svartisen i Nordland. Foto: Alex Détain
Ho finst over heile verda og blir ofte kalla raud snø eller vassmelonsnø, sidan ho kan sjåast som eit raudfarga slør over snøen om våren og sommaren.
Mikroalgen Sanguina nivaloides og slektningane hennar høyrer til ei gruppe ferskvassalgar som har tilpassa seg nokre av dei mest ekstreme leveområda ein kan tenkje seg. Dei lever i snøen i høgfjellet og i polare område, med temperaturar rundt frysepunktet og svært avgrensa tilgang på næring.
Når sommaren kjem, finn ein dei på overflata av snøen der dei blir utsette for ekstremt høge dosar lys og ultrafiolett stråling.

Driv fotosyntese i snøen
Forskarar har enno ikkje funne ut korleis slike blomstringar oppstår, men ein trur det har samanheng med dynamikken i snøsmeltinga – og kanskje algane sine symjeevner.
No har forskarar ved Nord universitet dyrka snøalgar i laboratoriet.
– Snøalgane er ein av dei få organismane som driv fotosyntese i desse områda, og ein viktig del av den mikrobielle næringskjeda i alpine og polare strøk, seier Christopher Hulatt.
Han er forskar ved Nord universitet og forskar på korleis mikroalgar kan utnyttast innan bioteknologi. Saman med forskarane Alexandre Détain og Hirono Suzuki er han no med på å kaste lys over korleis den merkelege vesle mikroalgen har tilpassa seg eit liv i kulde og snø. Det heile starta ved ein tilfeldighet, fortel Suzuki.
– Vi hadde vore i Trondheim for å hente ein bil og var på veg nordover, då eg overtalte Chris til å ta turen innom Glomfjord.

Prøver i matboksen
Ho ville sjå den 125 meter høge og 365 meter breie demninga ved Glomfjord kraftverk. Den demmer opp Storglomvatn, ein del av Saltfjellet-Svartisen nasjonalpark. Då forskarane kom opp i det snødekte området, oppdaga dei raskt at snøen fleire stader var farga raud.
– Det var første gongen vi hadde sett snøalgar i Nord-Noreg. Så vi putta nokre prøver i matboksen og tok dei med tilbake til laben, for å vere sikre på at det verkeleg var det vi trudde det var.
Det var første gongen vi hadde sett snøalgar i Nord-Noreg.
Hirono Suzuki
Interessa for mikroalgar som lever i snø har auka mykje dei siste åra i forskingsmiljøa. Når algane dannar store tepper i snøen, påverkar det snøsmeltinga. Sollyset blir ikkje reflektert like godt som når snøen er kvit. Dermed absorberer snøen meir varme, og smeltinga går raskare.
Det er dårlege nyheiter for isbreane, der denne effekten kan forsterke verknadene av klimaendringar.
– På laboratoriet vårt har vi allereie forska mykje på kuldetilpassa mikroorganismar, sidan dei er svært effektive til å produsere visse protein og omega-3-feittsyrer, som mellom anna kan brukast i fiskefôr. No ville vi undersøkje fysiologiske og biologiske sider ved desse snøalgane, fortel Suzuki.
Rigga for symjing

Eitt av dei store mysteria med desse algane, er korleis dei formeirar seg slik at dei kan danne store, fargerike blomstringar.
– Når ein finn algane i snøen, er dei i form av små cystar fulle av det raude pigmentet astaxantin. Dette pigmentet vernar dei mot den sterke lyseksponeringa.
– Ei cyste er eit slags sovande stadium, der det er vanskeleg å sjå for seg at dei skal kunne formeire seg. Så teorien er at dei har eit stadium der dei ikkje er cystar, men grøne algeceller som kan symje. Men dette må studerast nærare, seier ho.

Når forskarane dyrkar dei same algane i laboratoriet, er dei små organismane grøne og utstyrte med flimmerhår som gjer dei i stand til å symje. No har forskarane i Bodø målt symjeevnene til snøalgane i mikroskopet ved å filme dei. Det viser mellom anna at algane sym betre ved temperaturar like over frysepunktet enn ved høgare temperaturar.
Det bør ikkje bli for varmt. Ved temperaturar på 25–30 grader stoppar symjinga.
Desse algane er i stand til å leve kvar som helst der det finst litt vatn dei kan bevege seg i.
Alex Détain
– Desse algane er i stand til å leve kvar som helst der det finst litt vatn dei kan bevege seg i. I snøen skal det berre ei bitte lita vassfilm til, så kan dei symje gjennom den. Vi ser at dei kan bevege seg mot sollyset, men dei klarer òg å unngå lys om det blir for sterkt, forklarar Détain.
Usikker framtid

Algane er i stand til å oppfatte både lys, temperatur og næringskonsentrasjon.
– Dei har ei rekkje ulike sensorar som dei brukar som ei slags rettesnor for symjinga. Det forbløffande er at dei klarer å gjere dette ved veldig låge temperaturar.
Forskarane meiner evna til å symje er grunnleggjande for livssyklusen til algane.
– Slike grønalgar er avhengige av symjande livsstadium under vekst, fotosyntese og reproduksjon. Symjinga gjer at heile algebestanden kan flytte seg over relativt store avstandar for å finne gode forhold og formeire seg. Det kan vere snakk om avstandar frå nokre centimeter til ein meter eller meir, som dei klarer å tilbakeleggje ved å symje mot tyngdekrafta, seier Détain.
No er spørsmålet korleis snøalgane vil bli påverka av den globale oppvarminga.
– Desse algane er sårbare for høge temperaturar, og vi forventar at somrane i framtida blir både lengre og varmare, med endringar i snødekke og smeltemønster. Arktis er eit særleg sårbart område for oppvarming og er allereie utsett for store endringar. Kanskje forsvinn snøalgane, eller kanskje tilpassar dei seg. Vi veit ikkje, seier Hirono.
