Anders Christoffer Edstrøm hovudspørsmål i avhandlinga er: «Korleis handterer Noreg kinesiske investeringar i Arktis?»
Foto: Inger E. Eftevand Orvin
– Eg trur bileta vi teiknar ville hatt større verdi dersom vi hadde brukt fleire fargar, seier forskaren metaforisk når han snakkar om den krevjande balansegangen mellom økonomisk utvikling og nasjonal tryggleik.
– Det er kanskje den største overraskinga i løpet av prosjektperioden. Kor lite fargar og nyansar som blir brukt når ein snakkar om Kina og kinesiske investeringar og eigarinteresser i Arktis.
Ikkje berre skummelt
Når vi ber Edstrøm om eit døme refererer han mellom anna til ei nyleg publisert sak på NRK om utanlandsk eigarskap av kinesiske, russiske og iranske statsborgarar. Saka byggjer på ein rapport frå Tax Justice Norge.
– Saka blir framstilt som ganske mørk og skummel. Det står at 378 bedrifter blir kontrollerte av kinesiske borgarar. Som lesar skulle eg gjerne visst kor mange av desse bedriftene som til dømes er familieeigde restaurantar, seier han.
Kven er eigarane?
I saka blir det òg vist til at 10 selskap jobbar med kritisk infrastruktur i Noreg.
−Eigarskap i kritisk infrastruktur vil naturlegvis bety mykje når vi snakkar om tryggleik og utanlandsk eigarskap, seier Edstrøm.
Likevel blir det ikkje sagt noko om korvidt desse selskapa faktisk har aktivitet av betydning. SICHUAN ROAD & BRIDGE (GROUP) CORPORATION LTD. NUF er nok eit av desse. Selskapet har ikkje gjort stort i Noreg sidan bruene i Narvik og Nord-Trøndelag blei bygde for fleire år sidan, seier han, og viser til offentleg selskapsinformasjon.
– Dette er detaljar som eg meiner er viktige når vi omtalar den reelle tilstadesveringa av kinesiske eigarinteresser.
Til Bodø ved eit uhell
Men la oss gå litt tilbake i tid. 13 år, for å vere nøyaktig. For korleis har det seg at ein unggut frå Skien hamna i Bodø, med arktiske problemstillingar som sitt interessefelt?
– Det var eit uhell, seier Edstrøm. Riktig nok med eit smil, sidan han i dag takkar eigen tastefeil i Samordna opptak for studieplassen som førte til master og no òg doktorgrad ved Handelshøgskolen Nord.

Energileiing og energitryggleik
Nokre kallar det livets tilfeldigheiter. For Edstrøm førte eit vennskap med ein ukrainsk medstudent og påfølgjande besøk i Kyiv til interesse for russisk språk og eit ønskje om betre å forstå det samarbeidet som den gong fanst med Russland.
Vi snakkar no om tida før krigen, og Edstrøm takka ja til utvekslingssemester i Moskva med energileiing på timeplanen. Så stod masteroppgåva for tur, og på dette tidspunktet var eit nytt utvekslingsprogram etablert ved Handelshøgskolen Nord, no med Shanghai som reisemål.
Edstrøm søkte og fekk plass. Han valde å skrive masteroppgåve om Kinas investeringar i Yamal LNG, og såg nærare på korleis energitryggleik var ein drivkraft for Kinas investeringar i prosjektet.
Ikkje til kva pris som helst
Edstrøms hovudspørsmål i avhandlinga er: «Korleis handterer Noreg kinesiske investeringar i Arktis?».
Med doktorgradsavhandlinga i boks meiner han at moglegheitsrommet byrjar å bli mindre enn vi skulle tru.
– Kinesiske selskap investerer ikkje til kva pris som helst, og heller ikkje i kva som helst industri, seier han.
Også gjensidige interesser
Han meiner at Noreg i dag følgjer godt med på kinesiske investeringsinteresser.
– Det er viktig og rett å vere vakne og ansvarlege.
Edstrøm er tilhengjar av å ta eit steg tilbake og gjere rasjonelle vurderingar av samarbeid som kan vere nyttige for Noreg. Vi må ikkje la oss skremme for mykje og bli hindra av narrativ som gjer at vi går glipp av utvikling, seier han.
Edstrøm etterlyser meir kunnskap om lokale verdiskapingsperspektiv og korleis investeringar påverkar styringsmekanismar.
– Så må vi heller ikkje gløyme at Noreg òg har store næringsinteresser i Kina. Det viser at dette òg handlar om gjensidige interesser, seier Anders Christoffer Edstrøm.
