15 millionar til forskingsprosjekt: Prosjektleiar Ivana Bojanic (til høgre) saman med forskar og prosjektmedarbeidar Lise Tuset Gustad. No jaktar dei også på ein stipendiat til prosjektet. Foto: Bjørnar Leknes.
Saman med urfolk i Noreg, Sverige og Grønland skal forskarane utvikle eit digitalt helseverktøy som tek omsyn til både språk og kultur.
Samskaping med eldre samar og inuit
– Dette er eit spanande prosjekt vi fekk tilslag på frå NordForsk i juni. Oppstart er 1. oktober. Prosjektet handlar om å utvikle digitale helsetenester og verktøy saman med eldre samiske og inuittiske folkegrupper, seier prosjektleiar Ivana Bojanic.
I mange urfolkssamfunn blir helse sett på som noko heilskapleg – ein balanse mellom kropp, sinn, familie, kultur og fellesskap. Denne forståinga skil seg ofte frå den vestlege medisinske modellen, som gjerne deler helse inn i enkeltdelar.
Kultur gir ny forståing av helse
– Når vi lagar tenester for ei befolkning, er det viktig at det faktisk er noko dei treng og ønskjer. Difor skal vi utvikle helsemodellen saman med dei, forklarar prosjektmedarbeidar Lise Gustad.
Prosjektet skal kombinere kvalitative intervju, store befolkningsundersøkingar og samskaping. Eldre samar og inuit blir aktive partnarar i forskinga.
– Dei er forskarar saman med oss. Vi har mykje å lære av dei, seier Bojanic.
Vegen mot meir likeverdige tenester

Eit sentralt mål er å bidra til meir likeverdige helsetenester. I dag finst det fleire døme på at urfolk får eit dårlegare tilbod, mellom anna fordi språk og kultur ikkje alltid blir tekne omsyn til.
– Det kan handle om noko så enkelt som skilting og informasjon på rett språk. Eller at helsepersonell manglar kunnskap om korleis samar og inuit uttrykkjer symptom. Konteksten er avgjerande, seier Bojanic.
Kunnskap som kan hjelpe alle
Gustad peikar på at prosjektet kan få ringverknader utover målgruppa:
– Kunnskapen vi får kan hjelpe alle. Vi veit til dømes at psykiske lidingar aukar risikoen for hjartesjukdom. Likevel behandlar vi ofte berre hjartet, utan å ta omsyn til heilskapen i livet til mennesket. Dette prosjektet kan bidra til ei meir heilskapleg forståing i helsetenesta generelt.
Eit nordisk samarbeid

Forskarane ved Nord universitet samarbeider tett med partnarar i Sverige, Danmark og Grønland. Prosjektet byggjer på eksisterande datamateriale frå store urfolksundersøkingar, men skal òg skape ny kunnskap gjennom intervju og deltakarbasert design.
– Det var viktig for oss at brukarane sjølve – dei eldre i Noreg, Sverige og Grønland – er med i heile prosessen. Det var nok òg ei av grunnane til at søknaden fekk toppscore, seier Gustad, som òg er fag- og forskingssjukepleiar ved Sykehuset Levanger.
Vi veit at psykiske lidingar aukar risikoen for hjartesjukdom. Likevel behandlar vi ofte berre hjartet, utan å ta omsyn til heilskapen i menneskelivet.
Lise Tuset Gustad
– Likeverdige helsetenester er òg ei prioritert satsing i Helse Midt-Noreg. Eg gler meg difor til at også helseføretaket skal få tidleg nytte av kunnskapen vi utviklar gjennom dette prosjektet, seier ho.
Prosjektet har ein tidsramme på fire år og vil ende opp med ein prototype på eit digitalt helseverktøy – på både urfolksspråk og skandinaviske språk.
– Det kan bli ein enkel app eller ei digital plattform. Poenget er at verktøyet skal vere utvikla av og for dei som faktisk skal bruke det, seier Bojanic.
Ledig stilling som stipendiat

Prosjektet har fått 15 millionar kroner i støtte frå NordForsk, og markerer første gong Nord universitet får gjennomslag i denne konkurransen.
– Eg måtte lese brevet fleire gonger då vi fekk svaret. Det var nesten uverkeleg. Men prosjektet er unikt, og vi trur sterkt på det. At vi fekk sju av sju poeng i vurderinga viser at vi er på rett veg, seier Bojanic.
Vi oppmodar mange til å søkje på denne ph.d.-stillinga.
Ivana Bojanic
For Nord universitet betyr prosjektet òg ei styrking av satsingsområda innovasjon, helse og velferd. Ei ny stipendiatstilling er lyst ut i tilknyting til arbeidet.
– Likeverdige helsetenester er høgt på agendaen, både i helsevesenet, i politikken og i forskinga. Eg er glad for at vi har fått til dette prosjektet, og eg gler meg til å sjå kva vi kan få til saman, seier Gustad.
Fakta om prosjektet
Namn: Promoting Healthy Aging of Sámi and Inuit Elders Through Co-Designed Digital Health Tool (norsk tittel: Fremje sunn aldring blant samiske og inuittiske eldre gjennom samskapt digitalt helseverktøy)
Prosjektleiar: Ivana Bojanic, Nord universitet
Prosjektperiode: 2025–2029
Finansiering: 15 millionar kroner frå NordForsk
Samarbeidspartnarar: Forskarar i Noreg, Sverige, Danmark og Grønland
Målgruppe: Eldre samar og inuit (65+)
Hovudmål:
- Fremje berekraftig helse og livskvalitet
- Utvikle eit digitalt helseverktøy på urfolksspråk og skandinaviske språk
- Styrkje likeverdige helsetenester
Meir info om prosjektet finst her: Promoting Healthy Aging of Sámi and Inuit Elders Through Co-Designed Digital Health Tool | NordForsk

